Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2023
Vi legg opp til å gjennomføra ulike tiltak dette arbeidsåret og satsar slik:
Dugnad:
– Utstilling om fiskarbonden i møkakjellaren i Knarrevikløa.
Vidare reinsing for mott av ein del gjenstandar, tilrettelegging av gjenstandane, utforming og plassering av bilete/infomateriell/montre og montering av naudsynt belysning. Vår/sommar/haust
– Knarrevikløa
Rydding i attståande gjenstandar på skukken.
Rydding/fjerning av ugras/tre utvending
– Infoskilt ved kulturminne
Sjå til infoskilta og vøla/skifta skilt der det er naudsynt
– Den eldste skytebana i Kolltveitmarka
Meir trerydding og merking av standplass
– Gamal bilveg Brattholmen – Møvik
Få opp infoskilt ved rest av vegen som ligg i Haljedalen
– Nordvikkverna
Rydding og bortkøyring av tre/kratt/gras. Vår/sommar.
– Smia påUlveset
Naudsynt tilsyn
Tilskipingar:
– Våren – Kulturkveld i Fjell kyrkje
Kåseri om historia til Fjell kyrkje v/ prost Erling Kopperud torsdag 1. juni.
– Langøymarknaden 19. og 20. august
Fjell kulturminnelag stiller med info, boksal og verving av medlemar.
– ”Allsong på kysten”
Skipa ”Allsong på kysten” fredag 8. september på Notloftet på Vindenes etter vanleg mønster.
– Haust – Kulturkveld Knarrevikløa
Historia om Industristaden Knarrevik i Knarrevikløa onsdag 18. oktober v/ historikar/rådgjevar Halvor Skurtveit
– Kulturminnevandring
Vår – Høybøen og Vindeneskvarven sundag 18. juni v/ arkeolog Knut Bergsvik frå UiB
Haust – Fjedlafjellet sundag 17. september v/ bonde Kristoffer Lie
– Utgjeving av hefte
I samarbeid med Gudveig Lillebø å få laga eit hefte med ein del forteljingar ho har skrive.
Medlemsverving
I 2022 hadde vi 36 betalande medlemar og vi må satsa på å få med nye medlemer og motivera tidlegare medlemer til å betala årspengar til kulturminnelaget.