Tur til Turøy

Tur til Turøy

Gode kulturminneven.

Sundag 9. juni kl 11 er du velkomen til kulturminnevandring på og rundt Turøy. Frammøte på kaien der Tore Turøy vil møta oss. Han vil ta oss rundt i det eldre bygningsmiljøet rundt hamna med naust og hus og fortelja historier frå det tradisjonsrike fiskeværet.

Etter turen rundt hamneområdet, går vi om bord på skøyta “Solsvik I” som vil skyssa oss rundt Turøy. På den delen av turen får vi sjå stader og høyra om hendingar frå området. Tek du med deg niste og kaffi kan du nyta det på dekket på skøyta.

Dei som vil kan avslutta turdagen med å gå opp til Turevarden som er det mest majestetiske seglingsmerket vi  har i Øygarden.

Igjen velkomen. Turen er gratis.

Helsing

Ove Midttun

Fjell kulturminnelag

Turøyvarden