Aktivitetane våre

Aktivitetane våre

Gode kulturminneven.

Dette er ei orientering om ein del av aktivitetane våre, og då vil eg fyrste nemna at vi har fått ut eit nytt hefte i sommar. Heftet heiter Da va no so da va, da. Det er Gudveig Lillebø som stod for det meste av innhaldet og i tillegg ordna ho med trykkeriet. Vi hadde med heftet på Langøymarknaden, og der var stor interesse for heftet og vi fekk selt ein del.

Allsong på kysten gjekk av stapelen på Notloftet fredag 13. september der vi samla 100 songglade strilar. Olav Kobbeltveit var førsongar og Olav Ulveseth saman Bjørn Tore Hummelsund gav oss tonefølgje då vi song oss gjennom eit variert utval av velkjende songar. Songgruppa Klungerrosa framførde ein del songar frå sitt repertoar.

Neste veke, fredag 27. og laurdag 28. september vil du finna oss på Friviljugdagane på Sartor Storsenter der vi m.a. vil selja Da va no so da va, da. Fint om du kjem til bordet vårt!

Sundag 29. september vert det kulturminnevandring på Kallestad og Trengereid. Det er frammøte ved grendahuset på Kallestad kl 11. Bjarne Tingvoll vert turleiar. Turen må karakteriserast som lett og tek eit par timar. Vel møtt!

Helsing

Ove Midttun

leiar