Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2023

Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2023

Arbeidsprogram for Fjell kulturminnelag for 2023

Vi legg opp til å gjennomføra ulike tiltak dette arbeidsåret og satsar slik:

Dugnad:

– Utstilling om fiskarbonden i møkakjellaren i Knarrevikløa.

Vidare reinsing for mott av ein del gjenstandar, tilrettelegging av gjenstandane, utforming og plassering av bilete/infomateriell/montre og montering av naudsynt belysning. Vår/sommar/haust

– Knarrevikløa

Rydding i attståande gjenstandar på skukken.

Rydding/fjerning av ugras/tre utvending

– Infoskilt ved kulturminne

Sjå til infoskilta og vøla/skifta skilt der det er naudsynt

– Den eldste skytebana i Kolltveitmarka

Meir trerydding  og merking av standplass

– Gamal bilveg Brattholmen – Møvik

Få opp infoskilt ved rest av vegen som ligg i Haljedalen

– Nordvikkverna

Rydding og bortkøyring av tre/kratt/gras.  Vår/sommar.

– Smia påUlveset

Naudsynt tilsyn

 

Tilskipingar:

– Våren – Kulturkveld i Fjell kyrkje

Kåseri om historia til Fjell kyrkje v/ prost Erling Kopperud  torsdag 1. juni.

– Langøymarknaden 19. og 20. august

Fjell kulturminnelag stiller med info, boksal og verving av medlemar.

– ”Allsong på kysten”

Skipa ”Allsong på kysten” fredag 8. september på Notloftet på Vindenes etter vanleg mønster.

– Haust – Kulturkveld Knarrevikløa

Historia om Industristaden Knarrevik i Knarrevikløa onsdag 18. oktober v/ historikar/rådgjevar Halvor Skurtveit

– Kulturminnevandring

Vår –  Høybøen og Vindeneskvarven sundag 18. juni v/ arkeolog Knut Bergsvik frå UiB

Haust – Fjedlafjellet  sundag 17. september v/ bonde Kristoffer Lie

– Utgjeving av hefte

I samarbeid med Gudveig Lillebø  å få laga eit hefte med ein del forteljingar ho har skrive.

 

Medlemsverving

I 2022 hadde vi 36 betalande medlemar og vi må satsa på å få med nye medlemer og motivera tidlegare medlemer til å betala årspengar til kulturminnelaget.