Vedtekter

Vedtekter

Vedtekter for Fjell kulturminnelag
Org.nr. 999 093 159

  1. Fjell kulturminnelag har til føremål å verna om og spreia kunnskap om alle typar kulturminne i
    Øygarden kommune – med særleg vekt på kulturminne i område i tidlegare Fjell kommune.
    Fjell kulturminnelag er ein eigen rettsskipnad.
  2. Alle som ynskjer det, kan vera medlemer i laget
  3. Årsmøtet er det fremste organet i Fjell kulturminnelag og skal haldast kvart år innan utgangen
    på mars månad. Omframt årsmøte skal haldast dersom fleire enn 1/3 delen av medlemane eller
    styret krev det.
    Innkalling saman med sakliste og årsmelding, må sendast til medlemane minst tre veker før
    årsmøtet. Framlegg til saker for handsaming på årsmøtet må vera komne inn til styret seinast to
    veker før årsmøtet.
    Årsmøtet vert førelagt årsmelding, handsamar rekneskap og innkomne saker, fastset årspengar,
    budsjett og arbeidsplan for året.
    Årsmøtet vel styret med styreleiar, fire styremedlemar og to varafolk. Vidare to medlemar til
    valnemnda og revisor med vara. Leiaren vert vald for eitt år, styremedlemane for to år, og
    varafolka, valnemnda og revisor for eitt år. Vidare vel årsmøtet to frå møtelyden til å skriva
    under årsmøteboka saman med årsmøteskrivar.
    Berre medlemar har røysterett på årsmøtet, og saker og val vert avgjort ved vanleg fleirtal med
    mindre noko anna er fastsett i vedtekta.
    Med 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemane, kan årsmøtet gjera endringar i vedtekta for Fjell
    kulturminnelag.
  4. Styret skipar elles seg sjølv og har ansvar for drifta av Fjell kulturminnelag med tilrettelegging av
    årsmøtet og oppfølging av økonomi/budsjett og arbeidsplan.
  5. Gjenstandar eller andre verde som høyrer Fjell kulturminnelag til, kan ikkje seljast eller gjevast
    bort utan godkjenning av årsmøte.
  6. Med vedtak av 2/3 fleirtal av dei frammøtte medlemane på årsmøte i to etterfølgjande
    kalenderår, kan Fjell kulturminnelag oppløysast.
    Ved mogeleg oppløysing skal alle eignelutane og pengane til Fjell kulturminnelag overlatast til
    andre lag/organisasjonar etter plan fastsett av årsmøte.

Desse vedtektene er sist endra på årsmøte den 14. mars 2024